Dikt om historie og levd liv. Reidun Mellems samling «Med helsing fra heimbygdas bakkar»

Reidun Mellem har samla og gitt ut eigne dikt frå eit langt liv. Frå før av har forfattaren ei lang rekke titlar bak seg i løypa, før det blei ført opp ei diktbok på lista.

Mellems diktForfattaren og læraren vaks opp i Nord-Troms på 1930 og – 40-tallet, og tema for forfattarskapen hennar er klårt prega av denne bakgrunnen. Tidlegare utgivingar handlar mellom anna om andre verdskrig, om kvenkultur og –historie, og om den religiøse rørsla rundt Lars Levi Læstadius.

Den tettskrivne diktboka har eit variert innhald, så vel som variert form på dikta. Noko går på verseføter med enderim. Noko er frie vers. Kvaliteten på form og rytme er somme stader god, andre stader kunne innhaldet ha vore gitt form som ei lita forteljing i staden for å vere sett opp som eit dikt. Innhaldet er jamt over interessant og givande.

Diktet ”Guds plogjern i nord” er skriven i 2000 som prolog til 200-årsmarkeringa for Læstadi fødsel. I diktets knappe form har forfattaren skildra historia til fattigfolket på Nordkalotten:
”Langvegsfra kom dei i flokkar/ Ordet gjorde si virkning/ løfta eit kua folk”.

Det handlar om dei same tema som forfattaren heile vegen har vore opptatt av, slik som historia til folket i nord, men i diktboka kjem det i stor grad til uttrykk gjennom skildringar av personleg art. Barndom og oppvekst – liv og død, skaparen og skaparverket, men og livet som mor og bestemor har gitt tankar og tema til diktinga – som endeleg har blitt til ei bok.

Reidun Mellem
Med helsing fra heimbygdas bakkar
Dikt, eigen utgiving 2013
Omtalt av Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 3-2014

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..