Fine skildringar av unge i endring

Samlinga Jordbærstrå av Anna Dorthea Remhaug rommar tolv små noveller. Noko endrar seg eller står på spill i dei fleste av forteljingane.

BOK Remhaug Jordbærstrå

Forfattaren seier sjølv på baksida av boka at desse er ”plukka i hop etter at dei fleste av dei har lege gjømt i ein samleperm gjennom fleire år”. Forfattaren har hatt tekstar på trykk forskjellige plassar gjennom tida, mellom anna i Nordnorsk Magasin. Remhaug kjem frå Rana, og bur i dag i Trondheim.

Opningsnovella ”Fuglar flyg” fortel om ei ulykke og tapet av ei ven, nesten utan å nemne det. ”Neseblod” er ei fin forteljing om ei ung jente på nippet til å gi slipp på barndommen sin, slik ”Jordbær” fortel om ein gut som får sitt første kyss. ”Svaleungen” tek og for seg ein ungdom balanserande mellom barndom og ungdomstid. Den korte novella ”Berre blåbær” klarar å få fram kontrastane i eit forhold ved å skildre blåbærreinsking. Forteljinga ”Hår” skildrar overgrep mot eit barn sett frå overgriparen si side. Her er både hint til fortolkingar av aspekt i forteljinga, men og beint fram fortelt kva som skjer. Novella ”Tørrgrana” fortel ei historie frå siste krigsvinteren, sydd inn i ei rammeforteljing. Historia handlar om utmatta tyske soldatar som kjem vandrande frå Litzafronten og nedover Nordland, med utsvelta og mishandla hestar som soldatane ikkje har mat til.

Ikkje alle novellene gjorde like sterkt inntrykk, nokre greip sterkare tak enn andre. Det handlar om relasjonar, overgangar og utprøving. Men her er og dramatikk og råskap innanfor dei stramme rammene til Remhaug sine korte historier. Novellene er velskrivne og lette å lese. Her er vekslande synsvinklar og enkelte overraskande vendingar. Karakterane kjem frå alle generasjonar, fleire av dei er akkurat i den skjelvande overgangen mellom barndom og ungdom. Forfattaren har eit fint grep om desse skildringane.

I boka er det trykt ein del foto som illustrerer tema i novellene, utan at forlaget gir opplysingar om desse. Det er kan hende berre byråfoto som er kjøpt inn, men eg saknar slik informasjon.

Anna Dorthea Remhaug
Jordbærstrå
Noveller, Pirforlaget 2013, 58 sider
Omtalt av Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 3-2014

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s