Tørrfiskprodusentar med operahus. Querini-operaen på Røst

For oss turistar som ikkje er fiskarar eller fiske-arbeidarar, så byr Røst i Lofoten mellom anna på sykling og sjømat, og båttur til Skomvær fyr. Sist sommar var der jamvel opera. Framsyninga bygg på beretninga til venetianaren og sjøfararen Pietro Querini, som rak på land der ute i 1432.

Røst i Lofoten. Sommartomme hjellar så langt ein ser i det flate landskapet. Foto: Hilde Kat. Eriksen
Røst i Lofoten. Sommartomme hjellar så langt ein ser i det flate landskapet. Foto: Hilde Kat. Eriksen

Det var elles svært mange journalistar på Røst i løpet av dei hektiske operadagane. Til og med drosjesjåføren viste seg å vere journalist. Der var og fleire galleri, pubar og restaurantar, men dagen etter siste operaframsyning var det shut down dei fleste stadene, grunna rein utmatting. Berre bryggehotellet og fiskarheimen Havly heldt koken.

Røst og Skomvær

Det tek fire timar med ferje mellom fastlandet og Røst, der dei fastbuande er om lag 570 i tal. Med fly tek turen dit 20 minutt frå Bodø. Du syklar på få timar rundt heile det flate øysamfunnet, over moloar og mellom fiskebruk og hjellar. Kjem du om sommaren og hamnar inne i lagerhallane på eit av fiskebruka, ser du palle på palle med finsortert tørrfisk, klar for eksport.

Tørrfisktrøkk. Foto: Hilde Kat. Eriksen
Tørrfisktrøkk. Foto: Hilde Kat. Eriksen

Vi blei med på ein båttur utover mellom dei mange småøyane og heilt ut til Skomvær fyr. Fuglelivet rundt oss var som eit yrande byliv med hektisk trafikk, og i bergsidene på holmar og skjer såg vi fuglebustader i mange etasjar. Forbi oss flaug lundefugl og fleire alker, måsefuglar, krykkjer og illsinte terneflokkar, havørn og kongeørn, og ertande tjuvjo. Skarvane satt på skjera sine. Og steinkobbe så vi og. Dei solte seg på eit skjer rett ved fyret.

SONY DSC
Frå Skomvær ser ein Lofotfjell. Foto: Hilde Kat. Eriksen

Skomvær fyr blei automatiset på 1970-talet, og i dag lever eit lite kunstnarkollektiv i fyrboligen. Etter avtale med Kystverket held dei staden ved like, og dei tek inn andre kunstnarar innan alle kunstartar på opphald. Den vesle øya der fyret tronar på toppen er sommargrøn og utroleg frodig, med mange små blomsterartar som knip seg fast i blåsten. Kunstnarane har og sin eigen økologiske kjøkkenhage ved sørveggen på fyrboligen, og på trappa til ei av sidebygningane trippar ein flokk kvite høner med den raude kammen sin.

Kunstnarkollektivet på Skomvær held seg med høns. Foto: Hilde Kat. Eriksen
Kunstnarkollektivet på Skomvær held seg med høns. Foto: Hilde Kat. Eriksen

Querini og operaen

Operaen på Røst fortel historia om då venetianaren Pietro Querini med restane av eit stort mannskap kom så uendeleg ut av kurs då dei i 1431 skulle segle til Flandern med 800 tønner vin, peppar og ingefær. Dei rak i land ved ei av småøyene utanfor Røstlandet i januar 1432. Heldigvis kom Querini på å skrive ned forteljinga si om kva han opplevde på Røst, og slik har det seg at Ragnar Olsen (libretto) Henning Sommerro (komponist) hadde eit materiale å bygge på då dei fikk i oppdrag å skrive Querini-operaen.

Ein scene frå operaframsyninga som viser korleis Røstfolk berga dei søreuropeiske sjøfolka. Foto: Arne Bjørgli/www.querini.com
Ein scene frå operaframsyninga som viser korleis Røstfolk berga dei søreuropeiske sjøfolka. Foto: Arne Bjørgli/www.querini.com

Operaen er eit kollossalt dugnads-løft for lokalsamfunnet, og står fram som eit temmeleg profesjonelt arrangement, tatt i betraktning at det heile er ei god blanding av yrkesmusikarar og lokale entusiastar. Oppsetninga fant først stad i 2012, før Røst-samfunnet gjorde eit nytt dugnadsløft i 2014. Operaen har vakt interesse langt utover i verda, og er med på å drage besøkande til dette tørrfisklandet langt ute i havet. Under operaen er det marknadsplass utanfor idrettshallen der framsyningane haldast, og i marknadsteltet får du kaffi og tørrfisk, røyka kvalkjøtt og nysteikte blodpannekaker.

I marknadstelta på operaplassen ver det tørrfisk å få kjøpt. Foto: Hilde Kat. Eriksen
I marknadstelta på operaplassen var det tørrfisk å få kjøpt. Foto: Hilde Kat. Eriksen

T.H.E Creator

Entusiastar fins det fleire av på Røst, mellom anna Tor Halvorsen, eller T.H.E. Creator som han kallar seg og verksemda si. Det er ikkje lett å skildre kva det er han driv med, han er frisør, stylist, fotograf og multikunstnar, og han driv kunstgalleri og pub. Etter han kom til Røst har han fylt eit gamalt fiskebruk med slikt som han liker. På dette viset har han skapt ein ganske unik stad for å møtast, ta eit glas, tenke, prate og sjå på fotokunsten på veggane eller på interiøret. Eller ut på havet. På grunn av lite forutseielege opningstider i etterdønningane etter operaløftet, fekk vi ikkje prøvd ut Creator-bruket i nokon særskild grad.

Creator-bruket, med Tor Halvorsen bak bardisken. Foto: Hilde Kat. Eriksen
Creator-bruket, med Tor Halvorsen bak bardisken. Foto: Hilde Kat. Eriksen

Havet og fuglane

Rundt Røst er det hav, og fergeturen frå og til Bodø-Røst tek timevis. Men det er godt å sitte på akterdekket og sjå øyer og holmar flyte forbi. Om det er godver og vindstille, altså. Verre er det for landfaste folk når havet tek til å kaste på seg og vindane ikkje vil stilne.

Krykkjeberg. Foto Hilde Kat. Eriksen
Krykkjeberg. Foto Hilde Kat. Eriksen

På og ved Røst er det også fuglar. Store koloniar av ymse artar sjøfugl. En heilt bestemt art likar seg svært godt på karmar og utspring på bryggene og rorbuene: krykkja. Rett over det smale, smale sundet utanfor bryggehotellet ligg ei gammal rorbu med mengdevis av krykkje-bebuarar. Dei skrik så lenge sola skin. Og nordpå skin sommarsola lenge. Nesten så det var ei lise for nattesøvnen då det ei natt tok til å tore og regne.

Krykkjene på rorbua. Foto: Hilde Kat. Eriksen
Krykkjene på rorbua. Foto: Hilde Kat. Eriksen

Til slutt var også dette opphaldet slutt. Ikkje fleire vandringsturar, ikkje fleire sykkelturar eller båtturar. Ikkje fleire kveldar i restauranten på bryggehotellet. Berre fergeturen tilbake.

Akterdekk. Foto: Hilde Kat. Eriksen
Akterdekk. Foto: Hilde Kat. Eriksen

Lenker

Lofotens historie www.lofoten.info/no/Historie
Querini Opera www.querini.com
Røst AIR www.rostair.com
T.H.E. Creator www.thecreator.no

Tekst og de fleste av bildene: Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 3-2014 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..