Kvinna som trudde på framskritt. Teater om Elsa Laula Renberg

I går var eg på teater. Der lærte eg om livet til ein pioner.

Elsa Laula Renberg. Foto: Tromsø Museum
Elsa Laula Renberg. Foto: Tromsø Museum

Jauda, eg veit det var 19. november i går, med kunstnaraksjon og oppmoding om å ikkje bruke kunst eller kulturtilbod, jamvel dekkje til det du hadde av kunst og litteratur for å protestere mot kutt i regjeringas kulturbudsjett. Men denne tysdagen var den dagen eg hadde høve til å sjå akkurat dette stykket.

Stykket handla om Elsa Laula Renberg, ein pioner i den spennande tida først på 1900-talet då så mange kjempa for framskritt både i samfunnet og i kunsten. Ho var kvinne og same, og så nær sagt ustoppeleg arbeidet sitt for å organisere samefolk og kjempe for å gi folka ein plass i det norske (og svenske) samfunnssystemet. Les mer «Kvinna som trudde på framskritt. Teater om Elsa Laula Renberg»