Novella «Strandrug»

Det er denne vinden som dreg over holmane og hitover, bølgjene slår kvite mot knausane på utsida av ytterholmen. Ørna sit på tuva si, roleg ser ho innover mot land. Ein gåseboge spring i krøkebærlyngen, lyngen ligg som eit lag av grovvevd ull over dei gråkvite berga. Strandrugen veks i jord av rotna tang, han svaiar lys og strak. Eg fryktar ikkje å døy. Men eg fryktar at om eg blir borte, vil det gi andre eit tap, eit sinne og ei sorg dei helst kan vere utan. Vinden slit i jakka mi, som om han vil ha meg med ein plass, og langsetter stranda kjem eit kaldt drag som gir meg naglebit. Utfor land jamrar ein klynge med måsar. Katten løfter halen og kvesser øyra. Ein steinvendar skvett over sanda framfor meg. Les mer «Novella «Strandrug»»