Tørrfiskprodusentar med operahus. Querini-operaen på Røst

For oss turistar som ikkje er fiskarar eller fiske-arbeidarar, så byr Røst i Lofoten mellom anna på sykling og sjømat, og båttur til Skomvær fyr. Sist sommar var der jamvel opera. Framsyninga bygg på beretninga til venetianaren og sjøfararen Pietro Querini, som rak på land der ute i 1432.

Røst i Lofoten. Sommartomme hjellar så langt ein ser i det flate landskapet. Foto: Hilde Kat. Eriksen
Røst i Lofoten. Sommartomme hjellar så langt ein ser i det flate landskapet. Foto: Hilde Kat. Eriksen

Det var elles svært mange journalistar på Røst i løpet av dei hektiske operadagane. Til og med drosjesjåføren viste seg å vere journalist. Der var og fleire galleri, pubar og restaurantar, men dagen etter siste operaframsyning var det shut down dei fleste stadene, grunna rein utmatting. Berre bryggehotellet og fiskarheimen Havly heldt koken. Les mer «Tørrfiskprodusentar med operahus. Querini-operaen på Røst»