Faktakunnskap og tospråkleg utvikling: boka «Dyr og fugler» av Ingunn Olsen

Eallit ja lottit Dyr og fugler.qxp_Layout 1

«Eallit ja lottit. Dyr og fugler» er ei samisk/norsk faktabok for ungar, skriven av Ingunn Olsen (1953-2017). Denne boka (som forfattarens tidlegare bøker) er av stor verdi, fordi all tekst presenterast parallelt på nordsamisk og på norsk (bokmål). Dette er eit særs viktig grep for å styrke tospråklegheit: at ungane lærer innhaldet i ord og omgrep like godt på begge språk. Boka er nyttig også for andre som vil lære nordsamisk og/eller norsk bokmål.

Olsen debuterte som tospråkleg barnebokforfattar med ein serie om jenta Irina: «Irina ja sávzzat. Irina og sauene» (2000), «Irina bivdá. Irina fisker» (2002) og «Irina stoahká. Irina leker» (2009). I 2011 gav forfattaren ut ein tospråkleg flora for ungar; «Šattut. Planter», ei faktabokutgjeving som no altså er følgt opp med ei (posthum) faktabok om dyr og fuglar.

På same vis som i floraen har forfattaren her laga ei episodisk forteljing om karakterane Saia, Samuel, Odin og mamma. Dei små episodane går parallelt med dei leksikalske artiklane om tolv dyr og ti fuglar, og hendingane som skildrast inkluderer dei skapningane som fakta-artiklane gjev kunnskap om.

Bak i boka er det ei nyttig oppslagsliste som forklarer fagomgrepa som er nytta i artiklane. Denne lista er naudsynt, ettersom enkelte av tekstane kan vere utfordrande for dei yngste lesarane – nettopp fordi det er nytta fagomgrep.

Som i floraen frå 2011 er det Hermod Karlsen som med sine illustrasjonar svært presis gjengjev detaljane hos dyra og fuglane. I tillegg skildrar han gjennomgangs-figurane i den episodiske forteljinga som går parallelt med faktabolkane.

Utgjevinga av «Eallit ja lottit. Dyr og fugler» kom året etter at forfattaren Ingunn Olsen gjekk bort. Kan hende er manuset eit av dei mange som har venta i den samiske bokproduksjons-køen. I 1992 overførte Norsk kulturråd ansvaret for støtte til samiske forlag til Sametinget. Nå har Sametinget ein rekke år heldt løyvingane fast på same nominelle nivået, og har slik bidrege til å skape ein kø av manus som ventar på finansiering.

Utgjeving av samisk litteratur er avhengig av fullfinansiering frå det offentlege, ettersom det samiske språkområdet og talet på dei som kan lese samisk ikkje er stort nok som grunnlag for lønnsam forlagsdrift. Det er ikkje mange nok lesarar og kjøparar, rett og slett. Men ungar som veks opp som samisk-språklege treng bøker å lese på morsmålet sitt, slik alle ungar treng. Det gjeld både bøker som originalt er skrivne på samisk, og like mykje omsetjingar frå norsk og andre språk til eit eller fleire av dei samiske språka. Derfor trengs løyvingane frå Sametinget.


MELDT AV HILDE KATRINE ERIKSEN

BOKFAKTA
Ingunn Olsen
«Eallit ja lottit. Dyr og fugler»
Faktabok for barn og ungdom, 52 sider
Parallelltekst på nordsamisk og norsk bokmål
Illustrasjonar: Hermod Karlsen
Iđut, 2018

 

Reklamer

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..