APRIL 2018: Eg skriv, altså er eg. Orda veks i meg, dei blandar seg, dei slost i meg, og dei vil ut. Orda kjem i frå alle stader eg har vore, frå alle menneske eg har møtt. Det kjem frå dalar og fjordar, vidder og toppar, bakgater og avenyar, kafear, flyplassar, museum, frå kjøkkenbord og salongar, frå kjellarmørke og mørkeloft.
Nokon vil eige orda. Seier: du må nytte mine ord, elles er du ikkje god nok.
Det skjedde for lenge sidan. Det skjer no.
Eg vil ikkje eige orda. Eg vil at dei skal kome til meg, veve seg saman til meining – og dra igjen. Det er ikkje mine ord, eller dine ord.
Det er våre ord.
Tekst og foto: ©Hilde Kat. Eriksen
Alle foto fra Berlin, april 2018
—