Eventyrforteljinga om den kulturelle appropriasjonen og Senja-drakta

Det skulle vere karneval i bygda, og vi skulle dit. Yngste dotter stilte som hockeypuck, og eldstedotter som globus (ein slik med flasker og glas inni). Sonen, på 22, var Byggmeister Bob. Mannen min ville vere Tornerose, for som han sa: Skulle det bli kjedelig, så kunne han berre sove litt. Sjølv kledde eg meg ut som Trollet i Senja.

senja_2_(2)
Broderi på senjadrakta.

På bygdehuset var det allereie eventyrleg stemning då vi kom. Alvar og hobbitar, hekser og trollmenn menga seg med varulvar og vampyrar, Harry Potterar og ein og anna draug eller alminneleg haugbonde. Ein hadde forkledd seg som trillebår, han hadde vanskar med balansen alt.

Der eg gikk og mulla litt nasalt på songen om Trollet i Senja, lausnasen var i vegen, vart eg var ei kvinne som ikkje var utkledd. Ho stilte i Senja-festdrakten, med påtrykt myrull, molteblomar og -bær i staden for sirlege broderi.

– Så flott du har pynta deg, sa eg til kvinna, – Det varmar mitt trollhjerte frå Senja.
Eg sa ikkje noko om dei påtrykte broderietterlikningane, ho hadde vel dårleg råd kan hende.
– Så artig at du bryt med konvensjonane, og faktisk pyntar deg i staden for å kle deg ut, føyde eg til.

Eg fekk eit rart blikk. Eit blikk som sa: Kor ironisk-sarkastisk er du eigentleg no? Så sa ho dei overraskande orda:
– Eg har på meg eit karnevalskostyme. Eg har kledd meg ut som senjaværing. Du ser vel det?

Eg trudde at ho tulla. Aksenten henne var dansk eller noko.

– Ein kan vel ikkje KLE SEG UT som senjaværing, sa eg. – Senjaværing er noko ein ER.

– Eg kan kle meg som det eg vil, det er jo berre for moro, ytra den danske senjaværing-pastisjen.

– Heh, sa eg. – Æh. Men. Det er jo festdrakta til oss senjaværingar du køddar med!

– Du har vel humor, sa dama.

Framleis kom det dulme lydar frå det før-medvetne djupet i meg kvar gong eg gapa.

– Ja, du blir no ikkje sur vel, hehe, sa kvinna.

Sur? Nei, eg kjende meg flat. Flat, som om ein kolonistat nettopp skar alle senjafjell og tindar av ved fjellfoten, vende dei opp-ned og stakk dei ned i Mefjorden, Ersfjorden, Selfjorden, Sifjorden, Bergsfjorden, Baltsfjorden, Laksefjorden, Steinfjorden, Ørnfjorden, Øyfjorden, Grunnfjorden, Gryllefjorden, Torsken, Lysbotn, Tranøybotn, Stønnesbotn og dei andre fjordane og botnane på øya vår.

No kan du seie at eg overdreiv i reaksjonane og kjenslene mine. Det var jo berre eit karnevalskostyme. Eit tøystykke. Ein uskuldig spøk. Men hundreåra med kolonistyre slo innover meg. Århundra då vi sto der med huva i handa. Ikkje så mykje som eit eige skriftspråk hadde vi. Så tok vi til å bygge vår eigen nasjon igjen. Vi samla orda våre, gamle som nye. Vi sydde oss nye drakter, tufta på restar frå dei gamle. Vi fortalde dei gamle sogene våre til nye generasjonar, så dei skulle vite at vi ein gong hadde vore eit eige folk og at vi framleis var det, sjølv om vi var underlagt ein annan stat sitt styre. Ja, norskingane fant til og med opp ein ekstra bokstav, ein Å som danskane seinare adopterte.

Alt dette tenkte eg, medan eg såg på senjadrakt-forfalskinga og høyrde på latteren til ho som bar den. Du kan hevde at eg tok ein offerrolle der eg sto. At eg la meg ned på historia sitt alter, frivillig.

Du kan seie at eg skulle ha piska henne med ei honk frosen auar (ur), medan eg fortalde ein grov vits om underlivet hennar. For er det ikkje slikt vi gjør, vi senjaværingar?

I staden tok eg til å argumentere, og eg fortalde henne at ho ikkje synte meg og andre senjaværingar respekt, og at ho var historielaus!

– Så hårsår du er, sa ho berre. – Du står der og syt. Det neste du gjør er vel å krevje at eg må be om orsaking og gjøre det godt igjen!

Den klokaste gjev seg, heiter det. Eg avgjorde at kvinna var einfaldig og kunnskapslaus, og ikkje forsto at ho bar på historiske skylappar som hindra henne i å sjå og forstå. Eg leita heller opp familien min. Hockeypucken sto for tøffe taklingar på dansegolvet. Byggmeister Bob hadde hengt frå seg hjelm og snekkarbelte og forsøkte å avvæpne Hermine Grang, som tviheldt på tryllestaven sin. Mannen hadde slokna på ein krakk i hjørnet bortfor disken, Tornerose-kjolen stramma godt over magen. Eg fekk meg ein troll-tår frå Globusen. Det hjelpte. Så kyssa eg Tornerose, og gjekk heim før sola rant.

©Hilde Kat. Eriksen, skriven 19.10.2017 om morgonen, publisert 20.10.2017 kl. 15.00.

Tolking av begrepet kulturell appropriering (CA)

 

Trollet i Senja

Tekst: Arvid Hansen. Melodi: Finn H. Markussen

Trollet i Senja

Det bur eit troll i Senja,

så reint utruleg stort!

Det fiskar kval på Malangsgrunn

som andre fiskar mort.

 

Det bur eit troll i Senja,

og trollet sine skor

er større enn dei største skip

som gjestar Gryllefjord.

 

Det bur eit troll i Senja,

og nasen er så svær

at mange trur han er eit fjell

litt nord for Mefjordvær.

 

Det bur eit troll i Senja,

det tykkjer folk er gildt.

For trollet uti Senja

er alltid berre snilt!

 

 

 

 

 

Advertisements

4 thoughts on “Eventyrforteljinga om den kulturelle appropriasjonen og Senja-drakta

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s