«Sildbøtta» av Torvald Sund: Ein roman om å forstå kvarandre

 

Torvald Sund (1952) debuterte som forfattar med to ungdomsromanar og ei barnebok frå sørsamisk miljø: Haustsommar i reinfjellet (1979), Anselm reineigaren (1981) og Du klarer det, Nælja (1982). Han har gitt ut meir enn førti bøker og skodespel før Sildbøtta kom i 2014. Mesteparten av bøkene hans er skrivne for barn, og ein handfull har ungdommar som lesegruppe. I tillegg kjem eit par vaksenromanar og noveller, og ei lang rekke tekstar som er laga for scene og spel. Sund har fått prisar for forfattarskapen sin, og bøkene hans er komne ut på ti språk. Forfattaren bur i Nord-Trøndelag, men hadde tilhald i Vardø i Finnmark i nokre år.

Sildbøtta2

Romanen Sildbøtta er ein svir å lese, som det heiter. Handlinga vekslar mellom å gå føre seg ute på Fosen på trøndelagskysten, i heimbygda til guten Teodor Skille, og mest i Trondheim, byen hovudpersonen kjem til for å gå på gymnaset. Ja, eg skriv gymnaset, for handlinga er lagt til tida 1969 -1972, før skolane skifta namn og i oppløpet til den første avstemninga om medlemsskap i den europeiske unionen.

Teodor kjem til byen ein morgon med buss og ferje, i nylonskjorte, spissko, finbrok med innsydd press og med lusekofte på. I handa har han ei bøtte med spekesild, som faren har sendt med han til hybelvertinna. Først må han møte fram på skolen, før han skal finne hybelen sin. Dette skaper ein situasjon som gir bygdeguten med sildbøtta og den breie dialekten ein start på bylivet og gymnastida som ingen av klassekameratane gløymer. Og slett ikkje han sjølv.

Teodor Skille legg seg snart i trening for å snakke fintrønder, og han skaffar seg jobb på ferjeleiet for å tene pengar til slike klede som andre av ungdommane i byen går i, skinnjakke og boots og cordfløyelbukser. På same tid finn han ein plass i det sosiale livet blant medelevane, der det er fine folk ein kan vere ven med og ei jente som det er meir med enn alle andre jenter: Siri. Men det skal vise seg å være mangt ei kulturskilje som må forserast før Teodor og Siri forstår kvarandre si verd.

Fleire av figurane er gode, slik som Difference, klassekameraten som både er ein kjent rockemusikar – og ein gut som snakkar bygdemål og kjem frå ein stad utanfor byen. Karakterane er representantar for ulike kulturar, både språkleg, politisk og økonomisk, samtidig som dei er skildra som heile personar. Dette er ein roman om å utvikle seg og vekse som menneske. Og det er ein politisk roman, ein roman som legg vekt på å vise at skilnadar ikkje er uoverkomelege kløfter i samfunnet, at det er mogleg å forstå kvarandre og nå kvarandre trass i at avstandane kan sjå store ut.

Forteljinga er halde i eit realistisk formspråk, men mot slutten går ho over i ei tilnærma idealisert skildring av ein politisk demonstasjon mot EEC (EF/EU), noko eg som lesar aksepterer ettersom det heile vegen har vore lagt vekt på å vise korleis røynda i samfunnet og historia ikkje liknar på romantikk og nostalgi.

Språket i boka om Teodor Skille er munnleg og flyt godt, eller kanskje er det også ein bøyg for nokre lesarar. Det kjem an på korleis ein tar det, for her varierer det mellom ulike målformer og fleire dialektar. Sjølv opplevde eg slett ikkje språket som eit hinder i lesinga.

Boka Sildbøtta kan lesast av både godt vaksne og unge vaksne, her er det fleire lag og sjikt som ein kan hente lesaroppleving og forståing frå. Det er artig å lese boka. Ho er så godt skriven og fortalt at eg gleder meg over kvar side. Kan hende blir eg påverka av at eg hugsar tida, og sjølv har vore ein bygdeungdom som drog frå kystbygda og inn til tettstaden i fjordbotnen for å gå på skole (om enn ti år seinare enn Teodor). Men romanen om Teodor Skille har ikkje kvalitetane sine berre i rein gjenkjenning. Dette er ein danningsroman som viser fram det store spriket eit ungt menneske kan måtte skride over for å finne ein plass i verda som ein kan kalle sin. Enten det handlar om religiøse, politiske, kulturelle eller mentale skilnader. Og – romanen viser òg korleis ein på same tid kan lære seg å sjå verdiane i det ein kjem i frå, og ta med seg dette vidare ut og fram.

Torvald Sund
Sildbøtta
Roman, 268 sider
Communicatio Forlag, 2014
Omtalt av Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin
3-4 2015

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..