Juli, 1979. Alta. Nullpunktet. Vi var der.

Juli, 1979. Alta. Eg sitt framfor maskinane. Andre rekke i midten. Vi sitt rolig, arm i arm.

Alta_1979_FotoSissel_H_EriksenWEB2
Alta 1979 (skribenten vises ikkje på dette bildet). Foto. Sissel H. Eriksen

Arbeidskarane er uforberedte. Dei blir provoserte. Ein av dei lar maskinen han sitt i rulle fram mot hindringa på anleggsvegen. Den digre nesa på den gule kjempa heng over jenta framom meg. Ved sida av oss tar ein mann i kofte opp ein stor stein. Søster fotograferer oss. Bildet får ho sia seld til aviser, til blad og bøker. 

Vi er på nullpunktet for utbygginga. Punktet der aksjonane startar. Dagen før har vi planlagt traseen vi skal gå opp hit, og malt parolar og plakatar. Denne dagen, mens det ennå er tidlig, tidlig morgon, går vi oppover. I løpet av nokon timar kjem fleire folk til nede frå bygda. Vi er først, men ikkje aleine. Anleggskarane argumenterer sint. Som var det dei vi var imot. Vi sitt. Vi sitt på nullpunktet. Andre er vitne på sidelinja.

Eg er seksten år. Eg er her. Den første dagen, den første timen. Eg er her i det minuttet vi kjem over åsen, ned til nullpunktet, folder ut bannarar og plakatar, og sett oss tvers over anleggsveien. Så ventar vi.

Noreg. Alta. Vi er her. Vi vil at dei på stortinget skal gjøre om på eit vedtak. Endre ein plan som har vore under arbeid i eit kvart hundreår. Vi vil ikkje at vidda, beitelandet, kulturlandet skal settast under vann.

Øydelegg ikkje Canyon. La reinen gå vandringsveiane sine. La elva leve.

Eg tenker ikkje disse tankane. Eg sitt på grusvegen, med armane krøka inn i andre sine armar. Ansikt til ansikt med maskinen framom meg, gul kjempenase centimeter frå min nase. Jenta som satt framfor meg er flykta no. Dumparhjula ved knea hennes og den gule maskinkroppen over henne var meir enn ho kom hit for. Vi er ikkje sjølvmordsaksjonistar.

Vi held stand. Nokon dreg til bygda for å hente mat, soveposar og telt.

Fleire kjem. Eldre damer frå bygda. Journalistar. Tilreisande naturvernarar. Politiske aktivistar som vakna då Sovjet gikk inn i Tsjekkoslovakia.

Dette er blodig juli for finnmarksmyggen. Ei bygdekvinne vifter av og til med ein berr arm for å få den verste insektsvermen unna ein augneblenk. Ein oslogut i anorakk sett myggsprayen mot ansiktet og knip igjen auga.

Eg kjenner grusen under meg. Eg kjenner trykket frå adrenalinet til anleggssjåføren framfor oss. Eg kjenner andre sine armar hekta fast i mine armar. Levande lenke. Her, på dette punktet vil vi stoppe bygging, gjøre om vedtak. Vi spør ingen. Vi søker ikkje om lov.

Folka med gule maskiner gir opp. Mannen i kofte senker handa, og slepp steinen ned på marka. Herfrå blir det hardare. Etter dette har ingen overraskingas augeblink å bruke.

SONY DSC

Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 4-2013

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..