Kvinna som trudde på framskritt

I går var eg på teater. Der lærte eg om livet til ein pioner.

Elsa Laula Renberg. Foto: Tromsø Museum
Elsa Laula Renberg. Foto: Tromsø Museum

Jauda, eg veit det var 19. november i går, med kunstnaraksjon og oppmoding om å ikkje bruke kunst eller kulturtilbod, jamvel dekkje til det du hadde av kunst og litteratur for å protestere mot kutt i regjeringas kulturbudsjett. Men denne tysdagen var den dagen eg hadde høve til å sjå akkurat dette stykket.

Stykket handla om Elsa Laula Renberg, ein pioner i den spennande tida først på 1900-talet då så mange kjempa for framskritt både i samfunnet og i kunsten. Ho var kvinne og same, og så nær sagt ustoppeleg arbeidet sitt for å organisere samefolk og kjempe for å gi folka ein plass i det norske (og svenske) samfunnssystemet.

Framsyninga og turneen har vore eit samarbeid mellom sørsamiske Åarjelhsaemien Teatere, Nord-Trøndelag Teater og Nordland Teater.

Eg er ikkje i dag prikk lik  den eg var i går før eg gikk til Prøvesalen på Hålogaland Teater, der gjestespillet fant stad. Det er fordi eg lærte nye ting der. Det var ein historietime og eit teaterstykke, halvt om halvt. Eller heilt, til saman.

Eg hadde lese om Elsa Renberg tidlegare, men mykje av det eg fikk høyre frå scena, det visste eg ikkje – for teatersjefen ved Åarjelhsaemien Teatere, Ada Einmo Jürgensen hadde brukt tid på å reise rundt for å samle inn forteljingar om hovudpersonen – slik som ikkje har stått i bøker og artiklar før.

Eg synes òg det er fint å få fortida fortalt, dramatisert og spilt ut, og ikkje alltid sitte med teksten framom meg.

Her kan eg ikkje gi att historia om Elsa Laula Renberg, det sprenger rammene for denne bloggposten. Men eg kan nemne at ho iherdig sto bak det aller første store samemøtet, som opna i Trondheim den 6. februar 1917 (merk deg datoen). Og at ho var ei særs sterk og tøff dame, som hadde utdanning og som hadde kontakt med kvinnesaksmiljøet i Stockholm då ho gikk der på skule heilt først på 1900-talet.

Skodespelaren Cecilia Persson gjorde ein ikkje mindre enn god prestasjon, aleine på scena. Ho spilte Elsa Laula Renberg og fortalde historiene gjennom henne. Samtidig gav ho liv og stemme til ei rekke andre personar som Elsa var i kontakt med. Sceneforteljinga spente vidt, og overgangane mellom personar og settingar var brå, så rett som det var måtte eg orientere meg på nytt for å henge med.

Elles synes eg at musikken til Frode Fjellheim støtta fint opp under tramføringa, og scenografien var enkel, men gav samtidig god meining til framføringa.

Stykket om Elsa Laula hadde premiere på Trøndelag Teater 6. februar 2012 og har vore på turné både i 2012 og 2013. Framsyninga er spilt på fleire festivalar også.

I kveld er siste gjestespillet på HT. Kanskje du som bur i Tromsø skulle ta ein tur dit?

ElsaLaulaTeater

Stykke: Elsa Laula. Kvinnen som sprengte grenser
Med: Cecilia Persson
Manus: Cecilia Persson, Ada E. Jürgensen, Liv Hege Nylund
Regi: Liv Hege Nylund, NTT
Regiass/koreograf: Ada E. Jürgensen, ÅST
Scenografi/visuelt konsept: Hilde Skancke Pedersen
Søm: Kari-Britt Nilsen, Nordland Teater
Musikalsk konsept: Frode Fjellheim

Smakebit frå stykket på Youtube
Om Elsa Renberg på regjeringa si nettside
Om Elsa Renberg i Norsk biografisk leksikon


Tromsø, 20. november 2013
Hilde Kat. Eriksen

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s