Romanen om Brahmadellane

Nielsen_BrahmadellaneJóanes Nielsen
Brahmadellane
Roman, 276 sider
MARGbok 2012
Til norsk ved Lars Moa

Med støtte frå Nordisk Ministerråd gav forlaget MARGbok i 2012 ut ei omsetjing og gjendikting av den færøyske forfattaren Jóanes Nielsen sin roman Brahmadellane (Brahmadellarnir og ættin Tvibur, Mentunargrunnur Studentafelagsins  2011).
Forfattaren Jóanes Sekjær Nielsen (f. 1953) debuterte i 1978 med diktsamlinga Den trettande månaden (Trettandi mánaðin, norsk deloversetting 2007), og har sidan kome med både diktsamlingar, romanar, skodespill, essaysamlingar og ei novellesamling.

Nielsen har fått fleire prisar for forfattarskapen sin, m.a. Nordisk dramatikarpris i 2002 og M.A. Jacobsens Heiðursløn (1984 og 2012). For romanen Brahmadellane blei han for femte gong nominert til Nordisk Råds litteraturpris (1988, 1994, 1999, 2004 og 2013). Boka er omsett til dansk, og vil òg komme ut på tysk.

Brahmadellane har eit skiftande utsyn mot 150 år av Færøyane si historie. Handlinga flyttar seg mellom midten av 1800-talet og siste delen av 1900-talet, og forteljinga følger fleire ulike personar frå forskjellige stender og klassar i ulike bustader og miljø på Færøyane. Nokon er historiske personar, andre er oppdikta.

Sjanger og uttrykk er òg vekslande. Forfattaren skildrar dramatiske hendingar, eller han viser fram tilhøve og samband mellom personar. Han kommenterer, og han lar romanpersonar snakke. Han siterer brev og historiske kjelder, og han tek med vers som skal vere dikta av ein av gubbane i boka. Fiksjonen er fora med mykje fakta, men alt skrivast saman slikt at den store forteljinga blir heilskapleg.

Romanen famnar breitt både med tanke på karakterar og hendingar. Det historiske perspektivet tek til under meslingepidemien i 1846. Fattige folk dør i fleng, dei rike har nok av alt. Delar av forteljinga følger Tóvó i Geilini, ein gut som overlever meslingane men mistar far sin i den smittsame sjuka. Guten Tóvó blir ven med fleire av forteljinga sine markante karakterar, slike som doktoren Napoleon Nolsøe og Nils Tvibur. Korporalen og muslimen Nils Tvibur kom frå Noreg og slo seg til på Færøyane. På 1990-talet er det forfattaren Eigil, etterkomaren etter Nils som held tråden i forteljinga. Trollsinnet har han arva etter forfaderen sin.

Lars Moa (f. 1947) har gjendikta romanen til nynorsk. Det noko særeige over språket til Moa. Så er han også den einaste i Noreg som set om bøker frå færøysk. Det kan sjå ut som han har lagt vekt på å nytte ei språkform som ligg nært originalspråket. Det hender eg finn ord i teksten som eg ikkje kjenner frå før, men ut frå samanhangen forstår eg kva meininga skal vere.

Forfattaren Jóanes Nielsen kan mykje om historie og kultur på Færøyane, og han slår ut med armane og deler med oss lesarar historia til landet han kjem i frå, midt der ute i Nord-Atlanteren. Best likar eg forteljingane frå gammeltida, om Tóvó og oldefar hans og om Pole Doktor og korporalen. Interessant lesing er det heile, og attpåtil er det godt fortalt.


Nordnorsk Magasin 3-201
Hilde Kat. Eriksen
– Søkke kor lyst eg fekk til å dra til Færøyane etter å ha lese denne boka!

Advertisements

5 thoughts on “Romanen om Brahmadellane

  1. Har hatt denne boka på ønskeleselista ei stund. Nå ble jeg jaggu fristet til å lese den med en gang. Tror jeg må 🙂 JA, reis til færøyene. Overvintret der for noen år siden. En fantastisk opplevelse, både med folkene, kulturen og naturen der.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s