Strandrug

Det er denne vinden som dreg over holmane og hitover, bølgjene slår kvite mot knausane på utsida av ytterholmen. Ørna sit på tuva si, roleg ser ho innover mot land. Ein gåseboge spring i krøkebærlyngen, lyngen ligg som eit lag av grovvevd ull over dei gråkvite berga. Strandrugen veks i jord av rotna tang, han svaiar lys og strak. Eg fryktar ikkje å døy. Men eg fryktar at om eg blir borte, vil det gi andre eit tap, eit sinne og ei sorg dei helst kan vere utan. Vinden slit i jakka mi, som om han vil ha meg med ein plass, og langsetter stranda kjem eit kaldt drag som gir meg naglebit. Utfor land jamrar ein klynge med måsar. Katten løfter halen og kvesser øyra. Ein steinvendar skvett over sanda framfor meg.

Her; er kroppen min. Huset eg bur i. Stranda nedanfor huset. Holmane. Nabogardane. Vegen utover og innover. Der; er dei andre plassane. Der eg har vore, og der eg ikkje har vore. Menneska eg ikkje veit namnet på. Folk som ikkje helsar når dei dreg forbi. Eg har vore her frå alltid, frå eg vart til. Likevel fins ting her eg ikkje veit noko om. Alt som var her før eg kom. Om det fortel mor mi, og mormora mi.

Eg går på ein veg av grus. Verda er heil og vegen har ein sving. Det er langt å gå for små føter. Først går vegen langs granene, så kjem svingen, så går han forbi to andre hus, langsmed ei myr, over ein bakke og ei bru, ein tur nedmed havet og så er vegen framme. Her er eit kjøkken der musa bur under den varme vedkomfyren. Eg et fint brød med kokt tyttebær på. Ute ved stabben står morfar og høgg. Eg ser han frå vindauget. Veden stablar han langsmed ein vegg. Mormor smør på ei brødskive til. Ho lærer meg å huske frå lenge før eg vart født. Historiene har ingen start eller slutt. Dei hende det året då tippoldefar forliste, eller då låven brann, eller då yngste onkel vart fødd. Alle stadene då var dei same som no. Det er vi som lever her som har gitt dei namn.

Han pressar kniven mot magen min og lagar eit langt kutt. Han grip inn i kroppen min, og hentar det han vil ha. Han skriv i journalen. ”Heretter påbegynnes sammensyingen av bukveggen i påvente av svar fra frysemikroskopien”. Eg vaknar ein augneblenk, ser blanke stativ, hengande slangar, maskineri med brytarar og lysande knottar. Armen min sitt fast i noko, ryggen er våt av sveitte. I ein draum kjempar eg meg fram i mørket mellom tarmar og andre innvolar, nokon er ute etter meg. Eg vaknar på nytt, mor mi sitt ved senga mi. Eg vaknar på nytt igjen. Eg er åleine.

Ein telefon til meg. Det er mor mi som snakkar.

– Det er mot slutten no. Ho ville nok vente til ho høyrde nytt om deg.

Eg er ikkje der, men eg ser det. Ho pustar enno, i senga si. Feberen gjør kinna hennes raude. Ho vaknar, og snakkar til dei som står ved senga ho ligg i. Mor mi står der.

– No må dokker vere gode med kvarandre, seier mormor.

– Eg kjende ho nesten ikkje, seier eit av oldebarna. Eg held den vesle handa hennes, ser ned på kista til den gamle. Saumen frå skambeinet til over navlen verker. Det er enno eit par veker til dei små stemorsblomstane breier seg oppover Hågen. Mormor sette dei alltid i ein liten vase på bordet i kjøkkenet.

Tidleghausten jagar over dei ytste knausane, kvitkanta bårer slår innover og fell ned igjen.

Det er fjære sjø og eg kan gå tørrskodd utover på holmane. Katten smyg seg etter meg mellom vippande gulkvite strå og ut til saltvatnet som freser og spyttar innover tang og stein.

Tekst og foto ©Hilde Kat. Eriksen
Publisert i Stemmer 2-2012 og på Tidsskriftforeningen sine websider.
Novella vant 1. premie i tekstkonkurransen til tidsskriftet Stemmer i 2012.

Advertisements

2 thoughts on “Strandrug

  1. Utrulig bra skrevet! Sjelden æ frys på arman når æ les, men e det bra, fengende, da gjør æ det..og æ frys på arman nu..

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s