Tre romandebutantar om staden: Dei siste par åra har m.a. Kjersti Kollbotn, Henning Howlid Wærp og Margunn Hageberg brukt Tromsø som arena for handlinga i debutromanane sine. Eg bad dei seie eit par ord om staden – kva for betyding hadde Tromsø, byen og omlandet i arbeidet med debutromanen?

Margunn Hageberg Containerflaum, Margbok 2010
Containerflaum er ein poetisk roman om kjærleiken mellom Marit og Arne, om korleis den utviklar seg gjennom fråver og samliv, møter og avreiser. Handlinga går føre seg i Tromsø.
– Gir rom for meddikting
– Det fell naturleg å knyta hovudpersonane til noko som er nært, til stad der ein er kjend, til min eigen by, Tromsø. Eg har ingen annan, for å seia det slik. Det fargar mine tankerekker, mine refleksjonar, mitt språk og mitt skriveliv at det blei hit eg kom, og at det var her eg landa. Skal ein fyrst slå ut håret, som Marit i Containerflaum, så kvifor ikkje la det skje i Clodiusbakken? Og om Arken ein dag kjem, som den siste redning, så kvifor ikkje la den sigla gjennom Sundet og leggja til her, seier forfattaren Margunn Hageberg.
– Tromsø som arena: Både seg sjølv lik og i stadig endring, ein veit aldri kva som møter ein , kva som er nedlagt og kva som er heva, kva som er nytt og kva som er att, det vera seg bygningar og ferjestrekningar, iskleppar og utestader, kringler, marsipankaker, eller rett og slett berre vafler.
Det er klart at stader som Verdensteatret, Vinmonopolet og Polaria gjer inntrykk og må noterast, på same måte som det kan fråtsast i namn her omkring, slike som Malangsgapet, Mandelasletta, Sørjeteen, Elverhøy og Hasselberg Transport. Tromsø gir store rom for meddikting og fleksibilitet, ein kan leggja til og trekkja frå. Løysa opp og setja saman. Naturen gir plass til følelsar av alle slag. Og slik er jo livet. Det er heller ikkje av liten betyding for meg at Cora Sandel på meir enn ein måte er knytt til byen Tromsø. Og at ho samla sine ord på lappar i ein gamal kuffert, seier Hageberg.
Margunn Hageberg (1950) er født i Hardanger, og vaks opp på Stord. Ho har budd både i Svolvær og i Tromsø, og bur no på Raufoss. Ho har tidlegare gitt ut diktsamlinga Reise i verk, før romandebuten med Containerflaum.
© Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 1-2011