Å vere kjent der ein skriv: Kjersti Kollbotn

Tre romandebutantar om staden: Dei siste par åra har m.a. Kjersti Kollbotn, Henning Howlid Wærp og Margunn Hageberg brukt Tromsø som arena for handlinga i debutromanane sine. Eg bad dei seie eit par ord om staden – kva for betyding hadde Tromsø, byen og omlandet i arbeidet med debutromanen?

– Eg måtte kjenne den fysiske arenaen godt, seier Kjersti Kollbotn. Foto: © Hilde Kat. Eriksen

Kjersti Kollbotn: Eg er mamma, eg skal vere god (Cappelen Damm 2009)
Romanen  Eg er mamma, eg skal vere god handlar om Tove Vik. Ho er ansvarleg for utbygginga av den nye E8- vegen i Ramfjorden utanfor Tromsø, og ho er aleine om å oppdra dei to ungane sine, på tre og seks år. Ho slit med den forventa rolla som mor, og ho slit med seg sjølv.

Heile herlege landskapet 

– Det første og viktigaste er at eg måtte kjenne den fysiske arenaen godt. Namn på gater, namn på fjell, bruer og sund. Kjente kulissar og rekvisittar gjorde det muleg for meg å fokuser på handlinga og språket. Om eg hadde hatt tid, hadde eg kanskje undersøkt Bergen som «åstad». Eller kanskje ikkje, kanskje var det også ein porsjon strategisk latskap.

– I tillegg; då eg begynte det som skulle bli romanen (i 2007) var det ikkje så mange samtidsromanar som var lagt til Tromsø, eg tenkte at det kunne vere spennande, ubrukt på ein måte. Og Tromsø passa den litt mørke/lyse hovudpersonen med skiftande stemning både «ute og inne».

Og så ville eg ta henne til fjells – fysisk/psykisk person dette – og då var det greitt å ha heile herlege landskapet like ut med havet her, seier forfattaren Kjersti Kollbotn om debutromanen.

Kjersti Kollbotn (1959) er frå Nordfjord, men bur i Tromsø. Ho er dr. ingeniør frå NTNU, i tillegg har ho utdaning frå forfattarstudia i Bø og i Tromsø. Ho debuterte skjønnlitterært med Eg er mamma, eg skal vere god.

© Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 1-2011

Advertisements

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s