Lys over songskatt i boka «Den nynorske songskatten» av Terje Aarseth

Terje Aarseth
Den nynorske songskatten
Fagbokforlaget, 2009
Sakprosa, 205 sider

Boka Den nynorske songskatten fortel historia om femten klassiske nynorsksongar, frå perioden 1860-1931. To av songane kan skrivast tilbake til Elias Blix, ”Gud signe vårt dyre fedreland” og ”Å eg veit meg eit land”. Forfattaren Terje Aarseth har òg tatt med songar som ”Den fyrste songen”, ”Nordmannen” (”Mellom bakkar og berg”) og ”Fagert er landet”, ”Det lyser i stille grender” og ”Blåmann” i utvalet.

Terje Aarset er førsteamanuensis i norsk språk ved Høgskulen i Volda, og aktiv musikar. Han har redigert og gitt ut fleire sakprosabøker om mellom anna litteratur, språk, lokalhistorie og musikk. Han har nytta ein tverrfagleg innfallsvinkel i arbeidet med Den nynorske songskatten, der han har arbeidd grundig og vel med å finne relevant informasjon om melodi så vel som tekst, om komponist så vel som forfattar for songane.

Aarset fortel om diktarane og om komponistane, om tilblivinga og om mottakinga. Han har med små forteljingar og anekdotar om korleis songane blei til, og korleis dei blei kjent for folket. Forfattaren har leita for å få kjennskap til originalmanuskript, og han har sett seg inn i kva for ulike tonar som har vore nytta til kvar av songane.

Her er det faktaboksar og bilete, faksimiler av manus og noteblad. Og bak i boka er det både notar til artiklane og fyldig kjeldeliste. I tillegg er det tatt med gode illustrasjonar til artiklane, noko som er med på å gjøre artiklane imøtekommande, og skaper eit ikkje for teksttungt inntrykk for lesarane. Aarset har gjort eit stort og omfattande arbeid med innsamlinga av stoff om desse songane, og han har klart å formidle dette breie stofftilfanget på ein interessevekkande måte. Boka er spekka med stoff av kulturhistorisk verdi, og dette er slett ikkje ei bok for berre spesielt interesserte.

I kapitlet om Elias Blix’ ”Å eg veit meg eit land” (”Barndomsminne frå Nordland”) har forfattaren blant anna med ei historie om korleis songen blei ein kampsong for fotballaget Bodø Glimt. Han fortel og inngåande om korleis denne songen har vore ein nasjonalsong for Nord-Noreg (det kan denne skribenten kjenne seg igjen i, ho sleit med andrestemmen for klarinett på denne songen på alle høgtidsdagar som skulekorpset på Stonglandseidet tok del i på 1970-talet).

Den nynorske songskatten blei kåra til den beste nynorskboka frå 2009, i den nynorske vekeavisa Dag og Tid si lesarkåring i januar 2010.

© Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 1-2011

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..