Til syne gjennom orda. Margunn Hagebergs roman «Containerflaum»


Margunn Hageberg
Containerflaum
Margbok, 2010,
roman, 90 sider

Margunn Hageberg (1950) debuterte som romanforfattar med boka Containerflaum, utgitt på MARGbok forlag i Tromsø hausten 2010. I 1998 var ho bokdebutant med diktsamlinga Reise i verk på Eide forlag. Det poetiske språket har ho ikkje lagt i frå seg i arbeidet med Containerflaum, romanen gir lesaren rom for meddikting og språkleg refleksjon.

Det er ein mild tone og ei openheit i forteljemåten. Forfattaren lar det vere pausar og hol i forteljinga, og ho lar dei to personane kome tilsyne gjennom korte skildringar og mange replikkar. Boka inneheld ikkje så mykje om samfunn, miljø og ytre handling, det meste av forteljinga dreier seg om dei to hovudpersonane og om relasjonen mellom dei.

Containerflaum handlar om Marit og Arne, om korleis kjærleikrelasjonen mellom dei bølgjer fram og tilbake, og samtidig utviklar seg. Marit med tekst-arka sine, og med tinga sine i ein container. Arne, marinbiologen som dreg på tokt med eit forskingsfartøy. Alle vaffelhjerta som skal steikast og etast.

Marit og Arne er saman og frå kvarandre, kanskje litt for mykje frå kvarandre, og så er dei saman igjen. Og igjen. Dei har studert saman, dei har budd i Trondheim, dei har gifta seg, og dei har reist nordover. Dei går frå kvarandre, og dei finn saman i eit ekteskap som kjem og går. Handlinga er etter kvart plassert i omgjevnader som er lette å kjenne igjen som Tromsø by, men Arne har også ei øy i havgapet, dei kallar den for Avalon, kjærleiksøya.

Eg las boka like mykje som ein poetisk tekst som ein forteljande roman, og det synes eg i grunnen var heilt greitt, slik sakna eg ikkje handlingsdrivet, bipersonane og miljøskildringane som romanar ofte inneheld.

”- Men Marit, kor er flettene du hadde då du fór ut?
– Mellombels løyst ut, smiler Marit. – I Clodiusbakken.
– Clodiusbakken? seier han og snurrar håret hennar om fingrane. – Godt at ikkje
vinden fór med det òg.
– Som livet, smiler Marit. – Mellombels alt saman.”

(Containerflaum, side 29).

© Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 1-2011

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..