I dag tenker eg på korleis det vil bli den dagen vi gir rom nok til alle rundt oss, i denne flotte landsdelen her nord i verden. Når alle er synlege, om enn ulike, og fellesskapet sterkt.
Og då vil eg sitere diktaren Olav H. Hauge:
«Det er den draumen»
Det er den draumen me ber på
at noko vedunderleg skal skje,
at det må skje –
at tidi skal opna seg
at hjarta skal opna seg
at dører skal opna seg
at berget skal opna seg
at kjeldor skal springa –
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um
—
(Olav H. Hauge: Dropar i austavind, 1966)
—