Esko-Pekka Tiitinen
Ulltoppane
Bokvennen, 2010, barn/unge, 128 sider
(Villapäät, Helsinki, Finland 2008)
Omsett frå finsk av Liv Hatle
Boka Ulltoppane handlar om femten år gamle Eino, som vil få orden på livet sitt. Musikk er hovudinteressa, og for å skaffe seg ein gitar, tek guten seg arbeid som avløysar på bestemora sin gard. Straks etter er bandet eit faktum. Kvalifikasjonen bandmedlemmane må ha, er at dei samla sett ikkje meistrar meir enn to akkordar. Saman med venene Tom og Osmo og venninna Teja (som han sjølvsagt liker ekstra godt) får Eino raskt dette bandet i gang. Den pratsame hovudpersonen får hendingsrekkene til å rulle av garde, og handlinga akselererer kjapt. Finsklæraren på skolen tar tenning på bandprosjektet, og brått skal det bli musikal. Eino og bandet er tekstforfattarar, og det skal mellom anna bli framsyning på julefesten til Raudekrossen sitt lokallag.
Eino er ein reinspikka entusiast, av euforisk karakter. Sjølvsagt kjem mor hans inn på guterommet langt etter midnatt og koplar frå forsterkaren. Enkelte treng søvn. Elles tenkjer Eino mykje på Teija, jenta som er trommis i bandet. Og han tek til å følgje ekstra godt med på skolen – ettersom han er så gira på bandet, og fordi han får opptur av å meistre noko, så får han og trong til å oppføre seg betre elles og.
Språket er kvikt, og historia er fortalt med humor og fantasi, det heile er sett frå gutens ståstad. Handlinga skrir raskt framover, ei og anna førespeiling held drivet oppe. Det er morosam lesing, om denne forvirra og himlande forelska tenåringsguten og bandet hans.
Forfattaren kjem frå Nord-Karelen, han er teiknar og målar, driv med musikk og skriv bøker og dramatikk, mest for barn og ungdom. For boka Ulltoppane fekk han Finlandiaprisen, høgste prisen i Finland for barne- og ungdomsbøker. Boka er sett om til nynorsk av Liv Hatle, den norske utgåva har ei munnleg framdrift i språket som eg vil tru speglar språket i den finske utgåva av Ulltoppane.
© Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 4-2010