Hendig leselefse – dikt for alle: «Snart er egget fullt. Kjærleik og djevelskap» fra Malvin Skulbru

Malvin Skulbru
Snart er egget fullt. Kjærleik og djevelskap.
A poetic slowJazz production,
Tromsø 2009/2010,
2. Lommelefse, 32 sider

Den allsidige allslagskunstnaren Malvin Skulbru (1942), opprinneleg frå Vestvågøy i Lofoten, har ei kunstnarleg merittliste mangfaldig som få. Han skriv dikt og prosa, han har hatt fingrane med i tallause prosjekt som inkluderer tekst, musikk, sceneframføring med meir. Han malar bilete (han har hatt fleire utstillingar) og ikkje minst – han er musikar og artist, med meir enn ei handfull album bak seg, aleine eller saman med bandet Boknakaran.

I år har han på egen kostnad gitt ut si andre ”Lommelefse”: Snart er egget fullt. Kjærleik og djevelskap. Boka er gul og fin, og passar godt i dei fleste slags lommer, som til dømes i baklomma på ei dongeribukse. Slikt er hendig, då kan ein ta fram lefsa kor som helst, og lese seg eit vers medan ein ventar på bussen eller anna.

Dei korte versa handlar om kjærleiken, erotikken og livet, her er små visdomsord med vri på, og korte betraktningar og kommentarar til hendingar i verda, der diktaren gjer det klart kva han står for. Her er humor og alvor i fin blanding, og her finst ingen høglitterær terskel ein må over for å kunne lese tekstane.

Her er ein smakebit: ”I speilet av/avmakt/såg eg/fargane mine/bli borte/i ei strime/av sorg// Gaza”. Og ein til: ”… dei døvstumme syng/stilt/mens verda drep/og elskar/ / Vi ler mot kvarandre/og lener oss ut/over kanten”. Og sannleg er her eit par sider satt av til eigne kommentarar òg, det synes eg høver godt i ei slik lefse.

Ettersom eg reknar med at boka verken finnest i nærbutikken eller i velassorterte bokhandlarar, så bidreg eg her med tips om korleis du kan skaffe deg Snart er egget fullt: Lommelefsa kan kjøpast frå forfattaren for ein femtilapp, e-post: psmalvin@online.no. Du kan og finne forfattaren her: http://www.malvinart.agane.com.

© Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 3-2010

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..