Sigrid Merethe Hanssen. Novellist i framgang. Om samlinga «Ingen heime»

 


Sigrid Merethe Hanssen
Ingen heime
Det norske Samlaget 2009
Noveller, 86 s.

 

 

Sigrid Merethe Hanssen (1966) debuterte som skjønnlitterær forfattar  i 2007 med novellesamlinga Sprang. Same året fekk ho Blix-prisen, minneprisen etter Emma og Elias Blix. No er ho ute med den andre novellesamlinga si; Ingen heime, samtidig som ho får Sigmund Skard-stipendet, med denne grunngjevinga frå juryen:Hanssen får prisen for det som er starten på ein original, solid og spennande forfattarskap …Vi møter ei ung kvinne som vegrar seg for nære relasjonar, ein familiefar som treffer ei framand kvinne på ein kyrkjegard, ein eldre mann som legg ut på den siste køyreturen sin, og i tittelnovella oppsøkjer hovudpersonen fortida – for å kvitte seg med henne. Juryen ser i Hanssens to bøker både konsekvens, utvikling og originalitet, og har stor tru på og høge forventningar til framhaldet.

Det er overraskande og fint å få i hende bøker frå ein ny forfattarskap som allereie er så prega av ei kyndig skrivarhand. I dei sju novellene i Ingen heime nyttar forfattaren eit klart språk, utan ekstra  dekorasjonar. Ho endrar på perspektiv og forteljarstemme frå novelle til novelle. Her handlar det om unge og gamle, kvinner og menn, raringar og vanlege folk i ulike miljø og mange typar tilhøve. Makt, erotikk, tilfeldige møte eller slitte relasjonar, små detaljar eller avgjørande endringar. Hendingane blir formidla gjennom auge, handling, tanke eller replikkar frå forteljarpersonar som vi ikkje nødvendigvis får vite så mykje om. Forfattaren trenger seg ikkje på med forklaringar, men lar oss likevel gjennom enkle grep forstå kva historiene handlar om. – Vi kan jo berre seie oss einige med denne Sigmund Skard-juryen!

Omslaget er verdt å nemnast. Det er laga av Stian Hole, det er både fint i seg sjølv, og står godt til novellene.

©Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 4-2009

1 tanke om “Sigrid Merethe Hanssen. Novellist i framgang. Om samlinga «Ingen heime»”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær hvordan dine kommentardata behandles..