Eg har eit lesebord. Ikkje eit digitalt lesebrett, men ei lita bordplate skrudd fast under karmen på vindauget på eit av loftsromma. Vindauget vender mot fjell og sund. For eit utsyn!
På lesebordet ligg eit sneis tidsskrift og blad, og eit dusin aviser saman med nokre essaybøker. Uleste. Dei er ikkje frå i dag, heller ikkje frå i går. Dei er heller ikkje frå førre veke, for då var eg knapt i nærleiken av loftet mitt. I førre veke var det litteraturfestival i nordområda. Heilt bestemd i Tromsø.
Allereie førre søndag kveld kom første tilreisande forfattar, høgtideleg henta på flyplassen. Etter han kom hordane. Eller i alle fall fleire forfattarar. Dei rak igjennom gatene, dei drog på Fløya med fjellheisen, dei bidrog til ringverknadar for næringslivet (: handla på polet).
Eg er den som skal oppsummere. Prosjektleiaren, den som held trådane samla. Eingong var eg den som kunne holde oversynet, sjå linene, trekke konklusjonar. Men detaljane har tatt over. Frivillige-vaktlister. Nummererte mikrofonar. Diettpengar til utanlandske forfattarar. Forslag til intervjuobjekt og nyheitsvinklingar til journalistane. Budsjettforskyvingar, ein programpost brått 12 000 kr dyrare. Eller 2000 kr. Vennlege smil. Vennlege smil. Husk å handhelse på forfattarane. Fungerer settinga? Veit dei som skal opptre kva dei skal gjøre? Har kvar enkelt fått kartet, som viser kor dei skal, når dei skal? Dei frivillige må brifast før kvart arrangement. Eg har glømt å avtale honorar med programleiarane.
Eg twittrar medan eg et.
Eg er ikkje den som kan oppsummere festivalen. Ikkje no. Eg driv nærlesing av hendingane, enno er det langt igjen til analysane er klare. Oversynet og konklusjonane. Nøkkeltala og rapportane. Men så mykje veit eg, at Poesislammen var flott (takk Therese & deltakarane), barneprogrammet gikk supert (Irene, Aslaug, BU-gruppa og forfattarane!), Tromsø bibliotek var som alltid ein framifrå vert for store delar av festivalen (all ære, Marit og Paul Henrik med stab), forfattarstudentane frå UiT gjorde oss synlege i byrommet (takk, takk!) , «Sigbjørn Skåden m/3,83 meter musikk: Rorschachs blekkraffineri» var eit av festivalhøgdepunkta (takk Sigbjørn, Susanna, Annelill, Lene og Morten for Klubb Kuiper). Eit anna høgdepunkt: samtale om vold i nordisk samtidslitteratur + opplesing (godt, Carl Michael, Stig, Johan + Kjersti), for ikkje å snakke om samtalane og opplesingane fredag og laurdag (Sigrid med mange, mange fleire). Og utan praktikanten og dei frivillige ville alt vært katastrofe (Laura, Siri, Kari, Aud, Easterine, Célia og mange til).
Slapp av. Eg skal ikkje takke kvar enkelt som stakk nasen innom Ordkalotten (hei Joar!). Eg skal trekke meg stilt bort til lesebordet mitt under vindauget. Lese i ”Bokmagasinet” frå dei siste åtte vekene. Bla i alt frå ”Forskerforum” til Coop sitt medlemsblad. Sjå på fjella og sundet. Drikke grøn te.
© Hilde Kat. Eriksen