Hans Fuhr
Skimt
Dikt, 55 sider
Arktisk Forlag, 2008
Diktaren Hans Fuhr, busett i Bodø, gav i 2005 ut diktsamlinga Sviv. Han kom ut med ny diktsamling mot slutten av 2008; Skimt. Denne boka inneheld 40 dikt fordelt i fire bolkar. Som i førre samlinga er her referansar til musikk og historie, og til stader fjernt og nær. Her dukkar både sauar og kamelar opp i dikta, og fjordar og fjell så vel som stader som Jerusalem, Timbuktu og Marrakesh, Påskeøya og verdas navle.
Perspektivet varierer frå sola som kliv i Balsfjordfjell, til ”Inst inne der blant eggeglasa/inst inne der i kjøkkenskåpet/ vil eg vera einsam//…// Eg lener meg mot ei sukkerskål/ og les/ Pessoa”. Mange dikt startar i det nære, lokale, norske, og endar i Pandoras krukke, ved Kapernaums mur, som Odyssevs segl eller Jobs kloremerke. Eller omsnudd, som her; ”…skulle ha komme meg ned/til Marrakesh /…/men, først må visst bussen svinga nedom Solvorn”. Diktaren nyttar ofte slike motsettingspar i dikta sine, som utegangarsau og kamelryggs puklar, vestlandske hus og Bagdads husbunad.
Dikta til Fuhr lukker dei meg ikkje alltid inn, det er ikkje slik at referansane til Odyssevs, Job eller Kapernaum nødvendigvis gir assosiasjonar og med-opplevingar eller opnar eit større innsyn i diktet sitt rom. Samtidig er det noko sympatisk over desse dikta, som om dei ber lesaren om å om å sjå langt, famne verda.
© Hilde Kat. Eriksen
Nordnorsk Magasin 2-2009