Det engelske og det norske fotballandslaget startar laurdagen med frukost på Birkebeineren Hotell & Apartment. Det gjør eg og. Landslagforfattarane er ivrige og høgmælte. Snart skal dei ut og varme opp, før forfattarlandskampen på Stampesletta. Men dit skal ikkje eg.
Eg skal på barneprogram; Bob og Honolulu, med Iben Sandemose og Trond Brænne. Det er tidleg laurdag, morgonen etter Banknatta; den store festen. På stolane inne i salen sitt fire vaksne kvinner, ein gutunge med foreldre, og ein festivalfrivillig. Men Sandemose & Brænne lar seg ikkje setje ut av slikt som at talet på publikum kan teljast på mindre enn ti fingrar. Vi får bilete, forteljing og opplesing. Om sanning, røyndom, språket, livet og dauden. Ein betutta augneblenk ser forfattarane at det einaste barnet i salen forsvinn ut døra, men straks etter er guten tilbake med ein is, and the show goes on.
Frå bildebøkene går eg vidare til fantasy & horror med den irske forfattaren Darren Shan (Darren O’Shaughnessy). Blodfansen stampar utanfor inngangen, med eller utan bøker som skal signerast. Klokka 13.00 presis opnar dørene, og flokken fyk inn. Fremste rad er reservert dei som i angst for å bli ståande igjen utanfor har sendt e-post til festivalen på førehand for å sikre seg sete. Og Darren Shan har hatt publikum før. Han har dei unge (og nokon eldre) lesarane med seg frå han først opnar munnen. Han les frå nye bøker i seriane ”Sagaen om Darren Shan” og ”Demonata” – og lar oss henge i uvissa utanfor klippen i det han brått bryt av lesinga. Han fortel om å skrive, om foreldra som let han dyrka interessa for horror, og om dei utallege (upubliserte) bøkene han skreiv frå han tok til å skrive som liten gut, og til han debuterte då han var 27. Full av gode råd for framtidige forfattarar er han og.
– Etter å ha høyrt på Darren Shan går eg til forfattarmøte i Cafe Banken, i dag laurdag er det den finske – og halvt estiske forfattaren Sofi Oksanen (1977) som skal intervjuast. Oksanen har med dei to romanane sine; Stalins kyr, og Renselse oppnådd å bli ein akta forfattar i Finland, ho har fått prisar og blir lytta til når ho ytrar seg offentleg. Ho tek seg god tid, og ytrar seg lenge, her på Lillehammer.
***
Men eg startar ikkje her. Eg startar i Tromsø. I det eg går ut heimanfrå i sekstida om morgonen torsdag, er det snø i lufta. Heile vegen til Lillehammer reiser eg saman med Liv Lundberg, poeten. Vi har ei fin reise i morgontimane, og eg lærer (nok ein gong) at dei gamle er eldst; Liv har sikra seg eit framifrå sete langt framme i flyet, for ho veit at tida er knapp frå flydøra opnar seg til togdøra lukkar seg på Gardermoen. Eg er den som trippar bakarst i passasjerbølingen, og som vel ute av flyet må springe fortare enn pusten held for å rekke kommunikasjonen vidare.
På festivalkontoret på Lillehammer hentar eg det raude festivalarmbandet mitt, og nikkar til kritikaren Susanne Christensen som fyk fort forbi, medan Ellisiv Lindkvist, forfattar og dramatikar, ventar i kø som meg. Og der står jo Kristine Isaksen frå Prosa & Tidsskriftforeninga. Få minutt etter er vi på plass i Hobølsalen i Kulturhuset Banken. Vi er på SEMINAR. Der sitt allereie Tromsøkritikarar og -forfattarar på plass blant dei mange andre; John Gustavsen er der, og på bakarste benk finn vi forfattarane & Kuiperredaktørane Morten Wintervold og Sigbjørn Skåden i seminarpositur med kaffikoppen klar. Og rett der borte, nei, augene lyg ikkje, det er Ruschke, vår tenkande, skrivande venn frå til dømes nittenhundreogåttiseksogderomkring (den våren med alle avskjedsmiddagane som strekte ut til tidleg morgon, huskar de den våren, då vi tok det fine biletet, Kirsten, Martha & Maryellen?).
Filosofen Skirbekk held foredrag. Han har laga hand out som vi får i hende, så vi skal sleppe å notere. Eller kanskje han er redd vi ikkje VIL skrive ned tankane hans, og derfor har gjort notatane ferdige for oss. Skirbekk snakkar om guds auge. Igjen og igjen. – Det moderne universitetet er Babels tårn, seier han. Vi klappar, og danske universitetslektor Poul Behrendt tek ordet. Eg tek til å fatte tråden i Kritikarseminaret, så nær knytt til festivaltema dette året; Sanning – og røyndom. Lektoren har sendt ut heimelekse; les dei ti boda frå Das Beckwerk, og eit kapittel av Maurice Blanchot ”Mit dødsøjeblik”.
– Ikkje sikkert det er verkeleg, men det er sant, seier Behrendt. Sanning og usanning, fiksjon og dobbelkontrakt med lesaren, kva er sant, og når er det likevel ikkje lenger sant? Lunsjen tek vi på parkkafeen, vi et suppe og brød. Men maten må vere frå i går, for god er den ikkje.
Litt seint kjem eg tilbake til kritikarseminaret, no er det Stig Sæterbakken som skal tale om sanning. – Jorda er flat. Åtte notat om sanning, heiter framlegget hans. Og var salen full? Brått er ”alle” der, for å høre på programsjefen som gikk av då David Irving blei fjerna frå festivalprogrammet. På fremste rad tronar redaktør Jens Harald Eilertsen, som nok nyss har vakna etter lanseringa av Marg og Kuiper i Paviljongen kvelden før. Litt etter smett Margs Lene E. Westerås og inn døra. Og showet kan begynne. Foredraget, meiner eg. Den rolege Sæterbakken står på talarstolen, han har skrive noko i panna, vanskeleg å sjå frå yttarste flanke der eg klamrar meg til ein stol eg fikk fanga i folkehopen, men det er ikkje det norske ordet sanning (men hebraisk, viser det seg).
Når Sæterbakken har slutta å snakke, og Skirbekk har slutta å spørje, rekk vi oppom Birkebeineren hotell & apartments for innsjekking. Neste stopp er middag med kritikarlaget på byens beste; Lundegården, på vegen møter eg Aslaug Eidsvik frå forfattarsentrum, ho skal på ein hagefest på Nansenskolen. Det er ikkje berre eitt, som vi seier, og alltid står vi framom det frie valg; hit, eller dit? Lundegården eller Nansenhagen? Til å forutseie er at vi seinare hamnar på Haakons Pub, der Petra Helgesen, kritikar i BT, kan vise til nesten fullkomne notat frå Sæterbakkens foredrag; men kva var det åttande punktet?
Fredag opnar seminardagen med foredrag av forfattaren Terje Holtet Larsen. Han er sjarmerande når han smiler, men foredraget ville eg heller ha lese stille for meg sjølv, enn høyre på. Litt handlar det om usanning, mykje om eit foto som viser Toralv Maurstad, ho Sonja og han Harald. Etter lunsjen er det performanceprosjektet Goksøyr & Martens som snakkar om teater. Camilla Martens og Toril Goksøyr opnar opent og nøkternt, fortel om teaterprosjekta sine dei siste ti åra, men mot slutten av foredraget stig temperaturen når dei spissformulerer seg og blir forstått i retning av å seie at forfattartekstar høyrer heime i bokhylla, ikkje på teateret. Så har vi då eit varmt diskusjonstema til middagen.
Juliana Spahr (1966) blir intervjua av Susanne Christensen i Cafe Banken. Den amerikanske poeten les medrivande og nesten hypnotisk repeterande, og vi ser fram til å møte henne på Ordkalotten til hausten. I mellomtida renn Endre Lund Eriksen, forfattaren de veit, over av supre idear og engasjerte forslag til Ordkalottfestivalen, han er inspirert til det yttarste etter ei lita veke på Lillehammer, der han nyt særleg fokus etter at han i 2008 vann festivalen sin U-pris.
Ein sving innom Parkkafeen for forfriskingar rekk vi, saman med mellom anna diktaren Tarald Stein og Anita Hartvigsen Ravn, og der fyk sanneleg June S. Strask raskt forbi, leiaren i Nordnorsk Forfattarlag (2009), før banknatta tek til å sige inn over oss. Første post er bokbading av David Wroblewski (USA), Victoria Hislop (Storbritannia) og Helene Uri i ein smekkfull festsal. Eg likar det godt nok til å kjøpe Wroblewski si bok før eg reiser, men før det er det natt og morgon min tredje dag.
***
– Kva eg tenkjer på? Sæterbakkens åttande punkt? Forfattarane eg ikkje har fått med meg? Twitter-oppdateringane eg unnlot å leggje ut? Folka eg har møtt?
Eg helser på Kristine, og sett meg ned saman med henne, han Kjartan Andersen frå tidsskriftet Historie, og ho Margunn Vikingstad, kritikaren. Vi er på Cafe Banken igjen, prisen til Årets Tidsskift skal delast ut; det er Vinduet som får prisen; eit diplom, ein bukett og 20 000 kroner. Marg har derimot nett denne laurdagen fått heftig kritikk i tidsskriftspalta i Klassekampens bokmagasin, og Margredaksjonen har dratt på grilltur i staden for å klappe fram prisvinnaren.
Når så prisen er delt ut, og Syn og Segn i tillegg har fått heiderleg omtale, er det tid for debatt. Det er Sofi Oksanen saman med Stephen Walton som skal kaste lys over Feminismens fallitt i Aust-Europa, med eit spørsmålsteikn bak. Redaktøren i Syn og Segn, ho Bente Riise leier debatten. Også her tek Oksanen seg god tid når ho snakkar, men Walton er dreven, og skyt inn tentaklane sine når Oksanen dreg pusten, så noko får han sagt, han og. Debatten dreier raskt mot situasjonen for homofile i Aust-Europa, og blir vel i grunnen der.
Det blir tidsskriftsjampanje (ikkje kampanje) på bankplassen, og skål for Vinduet, før nokre av oss stikk opp bakken til Bingo’n på LittFest for å høyre på Nils Christian Moe-Repstad & Erik Honoré med fleire. Konserten er flott, ingen tvil om at Ordkalottpublikum kan glede seg til haustens konsert i Tromsø! Så dreg kvelden seg langt inn i natta på byens brunaste pub.
© Hilde Kat. Eriksen